fredag 20. mai 2011

Bokmelding - Kaninbyen


Kaninbyen er ein bok som tar for seg relevante situasjonar som finn stad i byen Stavanger. Boka skal visa Stavanger frå ein kriminell side og visa korleis dagens kriminalitet er veldig dagsaktuell.

Boka handlar om ein tidlegare politimann som heitar Jonny Roxmann, som vil tene nokon pengar på å selja bakte potetar under gladmatfestivalen. Etter kvart som boka fortsetter får vi sjå korleis Jonnys liv bler påverka av dramatiske hendingar, blant anna at Jonny bler kjend med den thailandske Kim som snur verda hans på hovudet.

Denne boka har to hovudpersonar, Jonny Roxmann og Kim Bru. Jonny Roxmann er ein veldig reflekterande og undrande person som er prega av ein vanskeleg fortid. Han bler veldig lett irritert og undrar seg over alt det som skjer kring han. Kim Bru bler i starten av boka framstilt som ein velutdanna, intelligent og snill person, men ettersom boka fortsettar får vi eit inntrykk av at ho ikkje er den personen ho utgjer seg for å vera.

Arild Rein er ein norsk forfattar som blei født i Stavanger den 17. Mars 1960. Arild skriv sosialrealistiske kriminalromanar som for det meste omhandlar Stavanger i dag. Bøkane hans innehald ofte personar som er veldig reflekterande ovanfor alt rundt seg og eg-personen i ”Kaninbyen” er eit godt eksempel. Arild har ein merkeleg personlegdom, han vil blant anna ikkje bli intervjua, noko som kan tyda på at han har noko å skjula og som kan bety at han blant anna skriv litt om sin eigen fortid i bøkane sine.

Eg synast at ”Kaninbyen” var ein veldig god illustrasjon av korleis Stavanger er i dag. Arild Rein har fått med mange særtrekk ved byen og gjer oss god innsikt om byens geografiske område. Eg synast at ”Kaninbyen” var ein veldig god bok, eg personleg likar ikkje å lese bøkar, men denne boka var veldig aktuell for meg på grunn av kor historia finne stad. Eg vil anbefala denne boka for alle dei som bur i Stavanger område og for dei som likar romanar som innehald krim og kjærleik.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar